Lezhë er ein by og ein kommune i regionen Lezhë i Albania. Kommunen ligg ved havet nord i landet og grensar i nord til regionen Shkodër.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Lezhë vart slått saman med landkommunane Shëngjin, Zejmen, Shënkoll, Balldren, Kallmet, Blinisht, Dajç, Ungrej og Kolsh.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Lezhë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 15 510 innbyggjarar, medan dei ti kommunane som i dag utgjer storkommunen Lezhë, til saman hadde 65 633 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Lezhë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Lezhë,[2]
Referansar