Letchworth Garden City, som regel berre kalla Letchworth, er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Namnet kjem frå ein av tre landsbyar som byen omfattar, i lag med Willian og Norton. Alle desse var nemnde i Domesday Book. Landet vart først kjøpt av kvekarar som meinte å dyrke området og byggje eit kvekarsamfunn. Dei oppdaga derimot raskt av jorda var kalkrik og dårleg jordbruksland.
Garden City vart grunnlagd i 1903 av Ebenezer Howard og var ein av dei første planlagde byane og var ein av dei første hagebyane i verda.
Kjelder