Lene Elise Bergum (fødd 19. november 1971) er ein norsk skodespelar.
Bakgrunn og virke
Gjennombrotet som skodespelar kom med rolla som Lene i filmen Hodet over vannet (1993), som det seinare vart laga ein Hollywood-versjon av, med Cameron Diaz i hovudrolla.
Bergum hadde ei framståande rolle som Camilla i komiserien Tre på toppen på TVNorge i 1997. Det var likevel først med rolla som Alexandra «Alex» Kvamme i såpeserien Hotel Cæsar på TV 2 ho vart eit kjent fjes for den jamne nordmannen. Ho spelte i serien frå 1998 til 2001, gjorde comeback i 2004 og forlét intrigehotellet på nytt i mai 2004.
Ho hadde òg rollen som Anita i TV 2-serien Far og sønn i 2002.
I 2005 var ho norsk deltakar i den skandinaviske TV-produksjonen Robinson VIP, saman med Ole Klemetsen, Janne Rønningen, Gry Jannicke Jarlum og Jan Simonsen.
Per 2014 dreiv ho firmaet Appetitten Kantine og Catering.
Ho har tidlegare jobba som lastebilsjåfør i Posten Norge.[1]
Vinteren 2018 var ho deltakar på Farmen Kjendis på TV 2.[2]
Rollar
År
|
Film/TV-serie
|
Rolle
|
1993
|
Hodet over vannet
|
Lene
|
1997
|
Tre på toppen
|
Camilla
|
1998
|
Blodband
|
Ukjent
|
1998–2001, 2004–2005
|
Hotel Cæsar
|
Alexandra «Alex» Kvamme
|
2002
|
Far og sønn
|
Anita
|
2005
|
Robinson VIP
|
Deltager
|
2006 (filma i 2004)
|
Asfaltevangeliet
|
Kvinne som bryr politimann
|
2018
|
Farmen Kjendis
|
Seg sjølv
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff