Lene E. Westerås
|
|
Nasjonalitet |
Norsk
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
9. oktober 1969 (55 år)
|
Yrke |
Forfattar, omsetjar
|
Periode |
2010-
|
Debut |
Vilja på handletur
|
Lene E. Westerås (fødd 9. oktober 1969)[1] er ein norsk skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaforfattar.
Ho debuterte i 2010 med biletboka Vilja på handletur[2], og i 2011 kom diktsamlinga Elefantens sorgdeport.
Westerås har teke forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø.[3] Ho er busett i Tromsø.[4] I 2007 og 2008 var ho styreleiar for Nordnorsk Forfatterlag og ho var styreleiar for litteraturfestivalen Ordkalotten frå 2008 til 2010.[4] Frå 2005 til 2010 var ho medredaktør i det litterære tidsskriftet Kuiper[5], som ho også var med og stifta.[4] Ho var styreleiar for foreininga Litteraturhus Nord 2009-2014. Ho har medverka i ei rekkje antologiar[6] og gjendikta poesi av den engelskspråklege indiske forfattaren Anjum Hasan til norsk.[7] Ho var redaktør og medforfattar i Palestinakomiteen si 40-års jubiluemsbok, Med håpet som våpen, i 2009.[8] Dei siste åra har ho jobba mykje i Libanon, i palestinske flyktningleirar med Workshops in Creative Writing.
Bøker
- 2010 – Vilja på handletur – Biletbok, illustrert av Akin Düzakin
- 2011 – Elefantens sorgdepot – Diktsamling
- 2012 – Jalvar Yang og den uforunderlige dagen – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
- 2014 – Jalvar Yang og elefanten med de røde ørene – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
Gjendiktingar
- 2011 – Anjum Hasan: Gata på toppen av en ås – Gjendikta frå engelsk
Andre bøker
2009 – Med håpet som våpen – Medredaktør og forfattar
2014 – Amiras palestinske kjøkken – Fotograf, forfattar er Sylvi Inez Liljegren
Referansar
Bakgrunnsstoff