* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014
Leighton John Baines (fødd 11. desember1984 i Kirkby i Merseyside) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar. Han var aktiv i fyrst Wigan og sidan Everton FC. Venstrebacken Baines fekk 25 kampar for for England sitt landslag.
Klubbspel
Baines spelte for Wigan der han debuterte i 2002 som 17-åring. Hans første mål scora han mot Ipswich Town i Football League Championship-sesongen 2004/2005. Han spelte til saman 166 kampar for Wigan (per 1. juni 2007) og scora til saman 4 mål for klubben, inkludert eit særs fint eit mot Tottenham.
Baines er 170 centimer høg, og har eit bra venstrebein og eit godt tilslag. Han vart kåra til årets Everton-spelar i 2011 og 2013.
Landslagsspel
Baines deltok i 30 landskampar i tida mars 2010 til mars 2015, skårar eitt landslagsmål. Han var med i EM-troppa 2012, utan å kome på bana. Under VM i fotball 2014 spelte han 2 kampar, begge enda med tap.