Lee Keun-Ho, med revidert transkripsjon Yi Geun-ho (fødd 11. april 1985 i Incheon) er ein sørkoreansk fotballspelar som har spela for Júbilo Iwata i den japanske J-ligaen, og for det sørkoreanske landslaget.
Lee fekk gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelarar hjå Daegu FC i den koreanske K-ligaen. Både i 2007 og 2008 var han toppskårar blant koreanske spelarar i K-ligaen, dette innebar 7. og 5. plass på den samla toppskårarlista. I april 2009 skreiv han under for det japanske laget Júbilo Iwata, i utgangspunktet med ein 9-månaderskontrakt. Han forlenga kontrakten i 2010.
Lee debuterte for Sør-Korea sitt A-landslag 29. juni 2007 som innbytar i ein vennskapskamp mot Irak. Han skåra mål i same kampen.
Bakgrunnsstoff