Layla and Other Assorted Love Songs nådde 16. plass på den amerikanske albumlista og selde til gullplate.[11] Albumet nådde igjen albumlista i 1972, 1974 og 1977. Det nådde aldri albumlista i Storbritannia.[12]
I 2000 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2003 kåra VH1Layla and Other Assorted Love Songs til det 89. beste albumet gjennom tidene, medan Rolling Stone rangerte det på 117. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11]
Bakgrunn
Det kortvarige samarbeidet som skapte Layla and Other Assorted Love Songs, Derek and the Dominos, kom som følgje av at Clapton var frustrert med den intensive publisiteten som følgde supergruppeneCream og det kortvarige Blind Faith. Etter desse vart oppløyst, vart Clapton med i Delaney and Bonnie and Friends, som han vart kjend med då dei varma opp for Blind Faith i Storbritannia.
Etter at dette bandet òg vart oppløyst, slo Bobby Whitlock seg saman med Clapton og dei skreiv dei fleste songane i lag for albumet. Etter ein turn med Joe Cocker, slo fleire av medlemmane frå Delaney and Bonnie seg saman med Clapton. Han prøvde å unngå rampelyset med å skjule seg bak det anonyme namnet Derek and the Dominos og la ut på ein turne i Storbritannia der dei spelte på små klubbar. Clapton hadde på denne tida vorte forelska i Pattie Boyd, kona til bestevenen George Harrison. Ikkje ein gong heroin, som Clapton no hadde byrja å bruke, kunne døyve smerta. Resultatet vart dette albumet og songen «Layla». Dave Marsh, i The Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll, skreiv at «det er eit par augneblink i rockehistoria der songaren eller låtskrivaren har nådd så djupt inn i seg sjølv at effekten av høyre dei er det same som å vere vitne til eit mord eller sjølvmord ... for meg er 'Layla' den største av desse.»[13]
Under innspelinga av albumet i Miami, vart Clapton invitert på ein konsert med The Allman Brothers. Her møtte han Duane Allman som vart invitert med i studio og etter kvart spelte på albumet.
↑«CRIA Sales Award». Canadian Recording Industry Association. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 28. desember 2015. Henta 23. desember 2015.
↑«IFPI Danmark Sales Award». International Federation of the Phonographic Industry Danmark. Heritage Auctions. Arkivert frå originalen 30. desember 2015. Henta 30. desember 2015.
↑«BPI Gold Sales Award». British Phonographic Industry. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 5. august 2015. Henta 23. desember 2015.
↑«RIAA Platinum Sales Award». Recording Industry Association of America. Worthpoint.com. Arkivert frå originalen 22. oktober 2015. Henta 23. desember 2015.
↑«RIAA Gold Sales Award». Recording Industry Association of America. Liveauctioneers.com. Arkivert frå originalen 23. desember 2015. Henta 23. desember 2015.