Det er jernoksid saman med goethitt og hematitt som gjev den raudbrune fargen.
Lateritt finst i fuktige tropiske strøk og har ingen tydeleg lagdeling. På grunn av kjemisk forvitring er dei fleste silikatminerala borte slik at jordsmonnet i stor grad består av jarn og aluminium. Jarnsambindingane gjer at fargen er raudleg. Viss plantedekket forsvinn og jordsmonnet kjem i dagen, dannar det seg eit hardt lag eller skorpe.
Kjelder
Lateritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/lateritt.