Last of the Red Hot Burritos

Last of the Red Hot Burritos
Konsertalbum av The Flying Burrito Brothers
Utgjeve Mai 1972
Sjanger Countryrock
Lengd 34:45
Selskap A&M
Produsent Jim Dickson
The Flying Burrito Brothers-kronologi 
The Flying Burrito Brothers
(1971)
Last of the Red Hot Burritos Close Up the Honky-Tonks
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars [1]
Christgau's Record GuideB[2]

Last of the Red Hot Burritos er det første konsertalbumet til den amerikanske countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers, gjeve ut i 1972. Då albumet vart spelt inn, hadde «Sneaky» Pete Kleinow og Bernie Leadon slutta i bandet, og Chris Hillman var det einaste originale medlemmet att. Hillman henta inn Al Perkins og Kenny Wertz som erstattarar for dei. Wertz hadde tidlegare spelt med Hillman i Scottsville Squirrel Barkers. Bandet hadde òg med seg to gjesteartistar på haustturneen sin i 1971, Byron Berline og Roger Bush frå Country Gazette. Denne besetninga turnerte fram til Hillman slutta i bandet i oktober 1971 og etterlet seg rettane til bandet til Rick Roberts. Då Hillman slutta, mista A&M Records trua på gruppa. I staden for å la ei Roberts-leia utgåve av bandet (utan opphavlege medlemmar) for å spele inn eit nytt studioalbum, gav A&M ut dette konsertopptaket. Det fullførte kontrakten deira, før dei vart droppa frå selskapet.

Ei gruppe av Burritos, leia av Rick Roberts kom til å halde fram å turnere i Europa utan originale medlemmar fram til 1973, då bandet vart offisielt oppløyst av Roberts, og førte det originale Flying Burrito Brothers til ein slutt. Ein ny versjon av The Burritos vart starta opp att i 1975 med kontrakt hos Columbia Records.

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Christine's Tune (A.K.A. Devil in DisguiseChris Hillman, Gram Parsons3:54
2.«Six Days on the Road»Earl Green, Carl Montgomery3:03
3.«My Uncle»Chris Hillman, Gram Parson2:20
4.«Dixie Breakdown»Jimmie Lunceford, Don Reno2:17
5.«Don't Let Your Deal Go Down»Louise Certain, Gladys Stacey Flatt, Jerry Organ, Wayne Walker2:20
6.«Orange Blossom Special»Ervin T. Rouse3:39
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ain't That a Lot of Love»Homer Banks, Deanie Parker3:20
2.«High Fashion Queen»Chris Hillman, Gram Parsons3:22
3.«Don't Fight It»Wilson Pickett, Steve Cropper2:56
4.«Hot Burrito #2»Chris Ethridge, Gram Parsons4:35
5.«Losing Game»James Carr, Dennis Weaver2:59

Medverkande

Kjelde:[3]

The Flying Burrito Brothers

Gjester:

  • Byron Berline - fele
  • Roger Bush - akustisk bass, akustisk gitar (overdubba) på «Orange Blossom Special», solovokal på «Don't Let Your Deal Go Down»
  • Earl P. Ball eller Spooner Oldham - piano (overdubba) på «High Fashion Queen» og «Losing Game»
  • Bernie Leadon (kanskje) - gitar (overdubba)

Kjelder

  1. Deming, Mark. Last of the Red Hot BurritosAllmusic
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Einarson, John with Hillman, Chris. (2008). Hot Burritos: The True Story Of The Flying Burrito Brothers. Jawbone Press. ISBN 1-906002-16-9. 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!