Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) |
|
|
Type | forening/lag/innretning |
---|
Org.nummer | 971435739 |
---|
Skipa | 7. juni 1980 |
---|
Hovudkontor | Oslo |
---|
Leiar | Stian Seland |
---|
Nettstad | www.lnu.no |
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) er ein paraplyorganisasjon for om lag 100 landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar. LNU skal på vegner av medlemsorganisasjonane vere eit politiske interesseorgan, ein kompetansebank og premissleverandør for barne- og ungdomspolitikk.
Historie
LNU har røter tilbake til etterkrigstida, og statlege institusjonar som Statens ungdoms- og idrettskontor (STUI), som blei til ved eit Stortingsvedtak i 1950, og Nasjonalkomiteen for internasjonalt ungdomsarbeid (NIU), som også blei etablert på 1950-talet.
LNU såg dagens form 7. juni 1980 og tok då over det internasjonale arbeidet drive av NIU, og fekk dessutan nasjonalt ungdomsarbeid, nordisk samarbeid og u-landsinformasjon som arbeidsfelt. Gjennom 1980-talet fungerte LNU parallelt med Statens barne- og ungdomsråd (STABUR) inntil det blei nedlagt i 1987. STABURs oppgåver blei da delt mellom LNU og STUI.
LNU har utvikla seg til å bli medlemsorganisasjonanes politiske interesseorgan, ein kompetansebank og premissleverandør for barne- og ungdomspolitikken.
Føremål
LNU har i hovudsak 3 roller å fylle som samarbeidsorgan - interesseorganisasjon, kompetansebank og forvaltningsorgan.
Interesseorganisasjon
LNU skal vere ein interesseorganisasjon for medlemsorganisasjonane, og fremme medlemsorganisasjonanes felles interesser og eigenart overfor myndigheiter og viktige samfunnsinstitusjonar.
Kompetansebank
LNU skal yte service og formidle kompetanse til organisasjonane. LNU gjennomfører blant anna ei rekke gratis kurs for alle medlemmer gjennom organisasjonsskolen.
Forvaltningsorgan
LNU skal vere forvaltar av støtteordningar som bidrar til utvikling av barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg og internasjonalt. LNU forvaltar årleg 110 millionar gjennom 11 ulike støtteordningar, blant anna Frifond som er ein støtteordning for lokal aktivitet.
Støtteordningar
LNU administrerer ei rekke nasjonale og internasjonale støtteordningar.
Nasjonale støtteordningar
Frifond barn og unge
Frifond organisasjon
Kulturmidlene
Mangfald og inkludering
Internasjonale støtteordningar
Demokratimidlene
Tidl. Balkanmidlene (NB! slått saman med Demokratimidlene frå 2009)
Informasjonsstøtten Nord/Sør
LNU Utveksling
Ungdomsbevilgningen Nord/Sør
Profilområde
- 2009-2011: "Ung makt og demokrati" og "Organisert ungdomskultur"
- 2006-2008: "Åpen og inkluderande" og "Fremming av frivillighet"
Medlemsorganisasjonar i LNU
Organisasjonar merkte med * har observatørstatus. Organisasjonar merkte med ** har etableringsmedlemskap
Barn og friluft
Kultur og fritid
Livssynsbaserte
Samfunnspolitiske
Student og elev
Leiarar
Generalsekretærar
Internasjonale ungdomsdelegater
Kvart år utnemner LNU ungdommar som skal vere delegater i internasjonale fora. Dei mest kjente er ungdomsdelegata som kvart år reiser som observatørar til FNs generalforsamling. Ordninga er støtta av Utanriksdepartementet, og kriteria for å utnemnast er blant anna brei bakgrunn frå organisasjonslivet, politisk erfaring og aktivt arbeid i sin organisasjon. Det er som regel ei jente og ein gut som vert sende, dei bør vere under 26 år, og representere éin politisk og éin ikkje-politisk organisasjon. Dette er ei ordning som har pågått sidan 1971, og Arne Treholt var ei av de 2 første delegata. Andre kjente ungdomsdelegat har blant andre vore Per-Kristian Foss (1973), Jens Stoltenberg (1984) og Kristin Halvorsen (1985)
Ungdomsdelegat til FNs generalforsamling - 1971 og fram til i dag
1971
1972
1973
1974
1975
1976
1977
1978
1979
1980
1981
1982
1983
1984
1985
1986
1987
1988
1989
1990
1991
1992
1993
1994
1995
1996
1997
1998
1999
2000
2001
2002
2003
2004
2005
2006
2007
2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
2015
2016
- Margrete Bjørge Katanasho (Press)
- Jarle Aarbakke Tollaksen (KrFU)
Bakgrunnsstoff