Lament er det sjuande studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut 6. april 1984 på Chrysalis Records.[3] Det var det siste albumet deira med den originale trommeslagaren Warren Cann før bandet kom saman att for albumet Brilliant i 2012. Albumet nådde niandeplassen på UK Albums Chart og selt til gullplate i Storbritannia den 8. juni 1984 for 100 000 eksemplar. Det nådde òg 25. plassen i Tyskland og 115. plassen i USA.
Skildring
Stilmessig gjekk bandet bort frå synthpop-stilen frå dei førre albuma, og gjekk meir mot streit poprock, ikkje ulikt samtidige artistar som Simple Minds og U2 med større vekt på gitar og «stadion»-klang.
Den første utgåva på CD hadde ei anna sporliste enn den første LP-utgåva, der remiksar vart sett inn mellom songane. Då albumet kom ut på ny på CD i 1999 kom det med den originale sporlista og sju bonusspor og remiksar frå Lament-tida på slutten av albumet.
Albumet vart gjeve ut på ny i 2009 som ei dobbelplate. Den første plata inneheldt den originale plata med ommastra lyd. Den andre plata inneheld remiksar, B-sider og tidlege utgåver som ikkje var gjevne ut før.
På innsida av LP-plata er det eit bilete av Callanish Stones, ein steinformasjon frå steinalderen på Lewis i Skottland.[4] På seinare albumet var dette albumet på framsida av albumet i staden for den originale sporlista, som er plassert på baksida.