Lakhish (hebraisk נחל לכיש, Naḥal Lakhish) er ei elv i Israel som flyt ut i Middelhavet ved byen Ashdod. Ho vert òg kalla Wadi Kabiba og Wadi Sukhrir.
Nedslagsfeltet er 1 020 km² og lengda er kring 70 km. Kjelda til elva ligg sør på Vestbreidda og det vert ofte flaum i elva i regnperiodar.
Elva er forureina av industriavfall og kloakk fordi ho renn gjennom industriområdet og hamna i Ashdod. Eit rehabiliteringsprogram dei siste åra har berre vore ein middels suksess..[1][2]
Kjelder