Området er omkring 55 km langt og breitt. Den siste istida enda for omkring 15 000 år sidan og etterlet det landskapet ein finn i parken, med breie u-dalar og mange innsjøar (lakes) som har gjeve namn til området. Dei høgastliggande områda er steinete, medan ein lenger ned finn myr med lyngvekst. Under tregrensa finst gammal eikeskog side om side med furu som vart planta ut på 1800-talet. På grunn av mykje nedbør i området er bakken ofte gjennomtrukken av vatn.
Det høgaste punktet i parken, og i England, er Scafell Pike, med ei høgd på 978 moh.