Labytnangi (russisk Лабытна́нги, khanti лапыт нангк – tyder sju lerker) er ein by i det autonome området Jamalo-Nenetsk i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre breidda av elva Ob, 20 km nordvest for Salekhard.
Busetnaden vart grunnlagd i 1890. Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1952 og bystatus i 1975.