«La-La-La-Lies» er ein rockesong av det engelske bandet The Who som var den fjerde på debutalbumet deira My Generation i 1965. Han var skriven av Pete Townshend.
Han blei spelt inn 10. november det året i IBC Studio A i London.[2]
11. november 1966 vart han gjeven ut på singel av Brunswick Records som The Who då ikkje lenger hadde kontrakt med. Dette vart gjort av produsenten på songen, Shel Talmy, som eigde rettane til songen, midt i ein rettstri med bandet, for å konkurrere med singlar som bandet sjølv ønskte å gje ut.[3] Singele nådde topp 20 i Sverige, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Britiske singlar 1960-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1960-åra | |
---|
Britiske singlar 1970-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1970-åra | |
---|
Britiske singlar 1980-åra | |
---|
Amerikanske singlar 1980-åra | |
---|
2000-åra | |
---|
2010-åra | |
---|