Kypros, offisielt Cyprus, deltok i Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia med songen «Móno i agápi», framført på gresk av Ánna Víssi. Songen er skriven av Ánna Víssi.
Finalen
Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1982.[1] Ánna Víssi fekk representere landet med «Móni a agápi», som ho framførte på gresk. Ho hadde òg skrive songen sjølv. I finalen enda Kypros på femteplass med 85 poeng; tolv frå Noreg og Nederland, åtte frå Finland og Sveits, sju frå Spania og Israel, seks frå Vest-Tyskland, fem frå Portugal, Austerrike og Jugoslavia, fire frå Luxembourg og tre frå Storbritannia og Belgia. Saman med femteplassane i 1997 og 2004 er dette den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest fram til i dag.
Fotnotar
Kjelder