Kunde er eit individ eller ein institusjon som kjøper varer og tenester[1] tilverka gjennom økonomien. I vidare samanheng er alle som kjøper varer eller tenester kundar, inkludert personar, husstandar, forvaltning og føretak.
Kundebehov kan definerast som varene eller tenestene ein kunde krev for å oppnå spesifikke mål. Somme behov er viktigare for kunden enn andre.
Kundeforventingar er påverka av kulturelle verdiar, reklame, marknadsføring og annan kommunikasjon, både med leverandøren og med andre kjelder.
Både kundebehov og -forventingar kan definerast gjennom intervju, undersøkingar, samtalar, databasesøking eller andre metodar for å samla informasjon. Kundar har til tider inga klår overtyding om kva behova deira er. Assistanse til å avgjera behova kan vera ei verdifull teneste for kunden. I denne prosessen kan forventingar justerast for å svara til kva mogelegheiter som ligg i enkelte produkt, eller kva tenester dei kan yte.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019