10. januar 2019 vart Nevena Božović og «Kruna» offentleggjord som ein av 24 deltakarar i songtevlinga Beovizija 2019.[2] Songtevlinga vert arrangert av kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS), og vinnaren får representere Serbia i Eurovision Song Contest. «Kruna» kvalifiserte seg frå semifinalen 28. februar 2019, og deltok i finalen 3. mars 2019.[3] «Kruna» vann finalen med 20 poeng og vart dimed det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[4]
Eurovision Song Contest
I januar 2019 vart Serbia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Serbia hadde startnummer 9.[5] «Kruna» vart blant dei ti beste i sin semifinale og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[6] I finalen vart «Kruna» nummer 18 av 26 bidrag.[7]