Kristian Trægde (29. juni 1915–13. februar 2006) var ein norsk meteorolog og vêrvarslar. Han kom frå øya Hille utafor Mandal.
Trægde verka som statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt i tida 1962-1980. Han var ein av dei første meteorologar på fjernsyn i Noreg. Etter kvart tok han og del i fleire underhaldningsprogram på NRK. Trægde var i 1981 leiar for programmet "Klart det går!" på NRK fjernsynet. Han var ein populær TV-kjendis, og med sitt sjarmerande smil vart han på mange måtar eit symbol på «det blide sørland».
Otto Nielsen si revyvise «Kjære Trægde» alluderer til Trægde som meteorolog.
Bibliografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff