Kristian eller Christian er eit populært mannsnamn som tyder kristen. Opphavet er latinskeChristianus som igjen kjem frå gresk khristianós (χριστιανός) som betyr 'tilhengjar av Kristus'. Christian kan òg vera eit slektsnamn.
Namnet stava Kristian er vanleg namn i Finland, Skandinavia, på Færøyane og Grønland. Stavemåten Christian er vanleg Skandinavia, Finland, Frankrike og Belgia. Variantane Cristian i Chile og Spania og Kristján på Island er blant dei mest brukte mannsnamna i desse landa.
Namnet var mykje brukt i Noreg ved slutten av 1800-talet. Rundt 1880 fekk over 2,0 % av nyfødde namnet Kristian. Bruken gjekk deretter nedover med eit lågpunkt rundt 1950, før han tok til å stiga igjen. Frå 1960-talet tok òg bruken av skrivemåten Christian til å veksa. Begge skrivemåtane var populære, og kvar brukt av rundt 1,0 % av nyfødde, på 1980-talet.
I 2009 var det 15 416 norske menn som heitte Kristian og 12 859 som heitte Christian.