Kongens gate 22 er ein gammal bygard i Kongens gate i Moss sentrum. Bygarden vart bygd i 1883, og huset var tidlegare eit av dei tre apoteka i byen. Gata som bygarden ligg i heitte opphavleg «Kongsgarden». Dette namnet var i bruk før 1841[2] og i 1907 vart namnet endra til Kongens gate. Kongens gate 22 er ikkje den opphavlege adressa. Tidleg på 1800-talet var adressa Kongens gate 97 og 98, i 1841-1868 var adressa Kongens gate 126a og frå 1884-1889 var adressa Kongens gate 22, og i 1904 var adressa Kongens gate 24. I dag heiter adressa Kongens gate 22.
Historie
Før i tida var Kongens gate 22 eit forretningsbygg og gjekk under namnet «Elefant-Apoteket».[3] Dette apoteket brann ned i ein bybrann, og det vart deretter bygd eit nytt apotek i Kongens gate 22.[4] Bygningen bestod av to delar: ei leilegheit i øvre del av bygningen og eit apotek i nedre del av bygningen. På apoteket vart det selt eksklusive varer som sjokolade, margarin og te. Dette vart det reklamert for ved inngangspartiet til bygningen.
Det har vore apotek i Moss i fleire hundre år.[5] Alle eldre apotek som vart oppretta før 1850 i Noreg var basert på private privilegium. Apotekaren måtte først ha Kongeleg Bevillingsbrev, og måtte vera eksaminert av Fakultetet i København.[6] Moss fekk det første apoteket sitt i 1736, som var ein filial av Fredrikstad Apotek. Filialapoteket heldt til på ulike ledige lokale.
På 1900-talet hadde byen tre apotek; Elefantapoteket i Kongens gate 22, Apoteket Ørnen i Dronningens gate 14 og Svaneapoteket i Storgata 16 - seinare Dronningens gate 27. I dag eksisterer ingen av apoteka på den opphavlege adressa si. Trass i dette er Elefantapotekets symbol, altså elefanten, bevart på fasaden i Kongens gate 22.
Bebuarar
Frå 1881:
1881: bybrann i Moss. Oswald Fredrik Bruun kjøpte Moss Apotek i Kongens gate 27 av Carl Friederich Finck. Kongens gate 22, der det fekk namnet Elefantapoteket. Apoteket skifta namn sidan at Bruun ikkje lenger fekk lov til å kalla apoteket sitt for Moss Apotek.[6]
Harald Thaulow: tok over apoteket etter Bruun, og hadde det i eit år.
Christen Andreas Lamballe: hadde apoteket til 1903.
Lauritz Beer Jonassen: var her til 1910, og i tillegg hadde filial i Hølen.
Knut Michael Spæren: var her i to år, til 1912.
Johan Heinrich Meyer Sørenssen: han overtok etter Spæren, og gjorde seg merka i bybildet, sidan at han var med i Moss bystyre. Sørenssen døydde i 1924.[7]
Frå 1925
Sigurd og Toralf Lundegaard: to sørlandskbrødrar frå Farsund. Sigurd tok over Elefantapoteket i 1925, og han døydde berre 55 år gammal. Broren hans Toralf Lundegaard dreiv apoteket vidare fram til 1959.[8]
Hans Holmboe: vart fødd i 1862 i Fredrikstad. Holmboe var ein privatpraktiserande lege frå Kragerø og hadde frå 1927 kontoret sitt i Kongens gate 22. Holmboe hadde ei kone ved namn Cathrine Holmboe, f. 1868 i Fredrikstad. Saman hadde dei døtrene Cathrine Radich Holmboe, f. 1897 i Inderøy, og Agnes Holmboe, f. 1899 i Moss. Familien saman med tenestejentene Sofie Ottesen og Hilda Olsson budde i leilegheit 03 i Chrysties Gade 1a i Moss.[9]
Leif Kristian Stang Hedenskou: 1959-1972. Han var frå Moss, og son av Ludvig Nikolai Hedenskou.
Sofie Aasmundrud: 1972-1976. Sosialdepartementet gav ho løyving til å driva Elefantapoteket i Moss.[10]
Petter R. Kvamme: 1976-1997. Kvamme selde Kongens gate 22 for kr 4 300 000,- til Naf Gårdene As.[11]
Byggestil
Dei fleste av husa som gjekk tapt i bybrannen i 1881 låg ved Kongens gate og Klostergata, og ein av desse bygningane var Kongens gate 22. På denne tida var det mange norske byar som vart herja av bybrannar. I 1883 byrja gjenoppbyggingen av Moss sentrum, og Kongens gate 22 var ein av dei første bygardane som vart reist opp igjen. Det vart lagt mykje pengar og jobb i å få eit stilfullt bygg. Bygningen består av element frå tida av historismen. På toppen tronar det ein liten gresk gavl med rosett i, og dessutan tre overdimensjonerte akroterion og elefanten.[12]
Det kom i 1978 inspektørar frå departementet som skulle kontrollera og gi påboda sine. Etter denne inspeksjonen fekk Elefantapoteket beskjed om å bygga om. Den indre delen av lokala skulle moderniserast og planane måtte til Sosialdepartementet for å godkjennast. Bygarden vart til trass for dette ikkje gjort om og modernisert før i 1982.[13] Utvendig blant anna vart utgangsdøra bytt ut med eit vindauge og trappa føre inngangen fjerna. Innvendig vart golvet bytt ut og rampe for å jamna ut nivåforskjellar ute og inne, og lettvegger vart sett opp.