Ein kommune (makedonsk општини, opsjtini) er den grunnleggjande administrative inndelinga i Nord-Makedonia. Landet har no (2020) 80 kommunar.[1] Storbyområdet til hovudstaden Skopje omfattar ti kommunar.
Kommunane er grupperte i statistiske regionar, men desse har ingen administrativ funksjon.
Tidlegare inndeling
Etter at Nord-Makedonia vart sjølvstendig, vart landet delt inn i 123 kommunar.[2] Gjennom ein reform i 2004 vart kommunane reorganiserte. Somme kommunar vart slått saman, og somme av grensene mellom kommunane vart justerte, slik at det vart 84 kommunar.
Kartet viser by- og landkommunar i Nord-Makedonia. Tala på kartet svarer til nummereringa av kommunane i lista nedanfor. Storbyområdet Skopje er markert med fiolett. I lista er dei ti kommunane innanfor Skopje nummerete som 1.1, 1,2 osv.