Knut Olai Knutsson Bjørlykke (11. februar 1860–11. februar 1946) var ein norsk geolog frå Brandalsstranda i Sande kommune. Han vart dr. philos. i 1907, var tilsett ved Noregs geologiske undersøkingar og var overlærar (professor) i geologi ved Noregs landbrukshøgskule 1905-31.
Han gav ut fleire lærebøker i geologi og mineralogi. Han studerte det sentrale høgfjellet i Noreg og seinare jordbotnstypar.
Han var far til geologen Harald Bjørlykke.
Verk
- Om stenene og jordbunden (1920)
Kjelder
- Sandesoga band II, Volda 1996