Knesset (hebraiskכנסת, 'forsamling') er nasjonalforsamlinga i Israel. Ho held til i Givat Ram i Jerusalem. Knesset har eitt kammer med 120 medlemmer som blir valde for ein fireårsperiode. Ingen politiske parti har nokon gong hatt absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga.
Historie
Knesset blei skipa på ein bakketopp i Sheikh Badr-distriktet vest i Jerusalem før Den israelske sjølvstendekrigen i 1948. Før det blei laga ein permanente bygning til forsamlinga hadde Knesset møtet i bygningane til Den jødiske agendaen i Jerusalem, Kessem kino-bygning i Tel Aviv og Froumine-bygningen i Jerusalem.
I 1957 melde James A. de Rothschild at han ville støtta bygginga av ein permanent bygning som ei gåve til staten Israel. 14. oktober 1958 blei grunnsteinen for ein ny Knesset-bygning lagt ned på land leigd av den gresk-ortodokse kyrkja i Jerusalem.[1]
Bygningen blei innvigd den 31. august 1966.