Klemet Erland Hætta (fødd 2. februar1973) er tidlegare ordførar i Kautokeino kommune for Samefolkets parti. I perioden 2005-2009 var han sametingsrepresentant for Norske Samers Riksforbund, og i dei to føregåande periodane var han vararepresentant. Han var innvald frå Kautokeino valkrins. I 2017 kom han inn på Sametinget att, som fast møtande representant for Aili Keskitalo, som er sametingspresident. Der er han medlem i plan- og finanskomitéen.