Kjøttmeis eller kjøtmeis (Parus major) er ein fugl i meisefamilien. Med ei lengd på ca 15 cm og vekt frå 14 til 20 gram er ho den største fuglen i familien som finst i Noreg.
Utsjånad
Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfargabrystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vengene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattare fargar enn dei eldre.
Ved å strekka hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane liknar store auge, kan kjøttmeisa truga andre fuglar.
Kjøttmeisa held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med blåmeiser eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.
Hekking
Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hole tre, men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar ho ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar ho ei grop som ho fôrar med det ho finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisa legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er trufaste.
Utbreiing
I Noreg finst kjøttmeisa over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Ho held gjerne til i lauv- og blandingsskog.
Bakgrunnsstoff
Namn på ulike språk
Kjøt(t)meis, talgokse
Norske synonym og dialektnamn:Speketet(e) («spikjitét» (Ndm., Oppd., Gbr.), «spikjitétä» (Helgeland)), talgtit («tertit», Østf., Vestf.), talgtete (Rana), talgmeis(e) (Telem.) og kjøteirik (Telem., Agder)