Kjempebjørnekjeks (Heracleum mantegazzianum) er ein to-årig urt i skjermplantefamilien. Han kan verta opptil fem meter høg, og er svært hardfør. Planten veks som framandart ei rekkje stader, der han kan opptre invasivt. Spreiingsevna gjer at han ofte hemmar eller utkonkurrerer annan plantevekst. Han breier seg ofte langs vegkantar, bekkekantar og eng. Arten formeirer seg ved hjelp av frø. Han kan også formeirar seg klonalt med rotskot. Kjempebjørnekjeks kan vera vanskeleg å skilja frå tromsøpalme (Heracleum tromsoensis).[1]
Safta frå planta er giftig, og gjev ved eksponering under sollys hudreaksjonar på utsette område (fytofototoksisk reaksjon). Dette gjev seg vanlegvis utslag i raude, kløe, svie, eksem og i vondaste fall store blemmer (tredjegrads forbrenning) då giftstoffa gjer huda ømfintleg for UV-strålar. Denne ømfintlegheita kan halda fram i inntil eit år etter eksponering.
Ved nedklipping bør ein ha på seg verneutstyr, og dessutan huske på å vaska kuttereiskapar av metall etter bruk, då safta verkar oksiderande.
Skildring
Kjempebjørnekjeks er ein skjermplante som kan bli opptil 5 meter høg. Han er fleirårig, og kan bruka nokre år på å bygga seg opp før han blømer. Etter bløminga døyr som oftast hovudskotet (til skilnad frå tromsøpalme).[1]
Blada kan bli 1-1,5 m vide,[2] og er flika med djupe kutt.
Stilken er tjukk og sterkt grønfarga med mange mørke raudlege flekkar og grove kvite hår, særleg ved bladfestet. Stilkane er hole og rilla med diameter på vanlegvis 3–8 cm, av og til opptil 10 cm. Dei raude flekkane på stilken omgjev eit enkelt hår kvar.[3] Blomane sit på skjermar som kan ha ein diameter på opptil 100 cm langs den flate toppen. Blomane er kvite eller grønkvite og kan vera radialt symmetriske eller sterk bilateralt symmetrisk (zygomorfe).[4] Dei dannar spaltefrukter med frø i flate, ovale par.[4]:825 Kvart frø er rundt 1 cm langt, lysebrunt på farge med brune linjer på langs. Fruktene er tynne, med venger, og kan spreia seg over korte avstandar med vinden.[1]
Utbreiing
Arten stammar frå Vest-Asia, truleg opphavleg frå Vest-Kaukasus.[1] Desse områda har ein årleg nedbør på 1000–2000 mm og eit temperert, kontinentalt klima. Ved landsbyen Omalo i Tushetidalen i Georgia finst han saman med m.a. Aquilegia olympica, Dactylorhiza euxina, Echium russicum, bekkeblom, enghumleblom, marianøkleblom, brudespore, Primula luteola og Tanacetum coccineum. Han er naturalisert overalt i Europa, der han invaderer stadar med lett skugge, vedvarande fuktig jord med eit høgt innhald av humus og næringsstoff. Mange stader kom han inn som hageplante.
Framandart i Noreg
I Noreg er han ganske vanleg på Austlandet og nordover mot Møre og Romsdal og Trøndelag, meir spreidd langs Sørlandskysten og på Vestlandet.[1]
Kjempebjørnekjeks er ei innført plante og difor ikkje opphavleg heimehøyrande i Noreg. I Fremmedartslista 2018 er kjempebjørnekjeks vurdert til å ha svært høg risiko på grunn av stort invasjonspotensial og middels økologisk effekt.[5]
Nedkjemping
Fleire stader har planta spreidd seg uhemma og har danna tette felt der dei skuggar for alt anna. Dette har ført til at mange meiner at planta bør utryddast, og mange område har sett planar i verk for nedkjemping av kjempebjørnekjeks.
Kjempebjørnekjeks kan verta kjempa mot ved hjelp av:
Rotstikking/oppgraning
Avskjering av blomsterskjermane (ei plante kan setja fleire tusen frø)
Det engelske progrock-bandet Genesis har ein song med namn «The Return of the Giant Hogweed» på albumet Nursery Cryme frå 1971. Den mørke og humoristiske teksten i songen skildrar eit åtak på menneskje utført av kjempebjørnekjeksen.[6]
Krimforfattaren Charlotte MacLeod let Peter Shandy og kollegaene hans etterforska kjempebjørnekjeks i ein fantasiversjon av Wales i romanen Curse of the Giant Hogweed frå 1985.[7]
L. Gereraas, I. Salvesen og Å. Viken (red.): Norsk svarteliste 2007 – Økologiske risikovurderinger av fremmede arter. Artsdatabanken Norge 2007.
J. Thiele og A. Otte: Impact of Heracleum mantagazzianum on invaded vegetation human activities. I: P. Pysek, M. J. W. Cock og H. P. Ravn: Ecology and management of giant hogweed, Heracleum mantagazziuanum. Kap. 9.