Khor (russisk Хор) er ei elv sør i Khabarovsk kraj i Russland og ei av dei største sideelvane til Ussuri. Elva er 453 km lang og har eit nedslagsfelt på 24 700 km². Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s.
Elva spring ut på vestsida av Sikhote-Alin-fjella og nær landsbyen Khor munnar Khor ut i Ussuri. Dei største sideelvane hennar er Mata, Katen, Kafen, Tsjerenaj, Tsjui, Sukpai og Kabuli.
Khor betydde «djevelen» i språket til det lokale folket.
Kjelder