Keith Harwood (1940–3. september 1977) var ein amerikansk lydteknikar som er mest kjent for arbeidet sitt i Olympic Studios med musikarar som David Bowie (på Diamond Dogs i 1974[1][2]), Pretty Things og Ron Wood. Harwood samarbeidde lydteknisk på Rolling Stones-albuma It's Only Rock 'n' Roll (1974) og Black and Blue (1976) med høvesvis brørne Andy og Glyn Johns. Han var òg lydteknikar på ei rekkje Led Zeppelin-album, mellom anna Houses of the Holy (1973),[2] Physical Graffiti (1975) og Presence (1976).
I 1977 hadde Harwood vore med på miksinga av Rolling Stones-albumet Love You Live i Olympic Studios i London. På veg heim frå økta sovna han ved rattet som følgje av utmatting. Bilen hans køyrde av vegen i Sør-London i Queens Ride i Barnes, og inn i eit gammalt platantre, og drap han straks. Rolling Stones dedikerte Love You Live til minne om Harwood. Marc Bolan døydde i ei bilulykke same stad to veker seinare.
Kjelder