Karl IX, Hertug Karl (4. oktober 1550–30. oktober 1611), var konge av Sverige frå 1604 til 1611. Han var riksforstandar og de facto regent allereie frå 1599.[1]
Han var son av Gustav Vasa av Sverige, bror av Erik XIV av Sverige og Johan III av Sverige, far til Gustav II Adolf av Sverige, morfar til Karl X Gustav av Sverige, farbror til Sigismund av Sverige.
Karl IX hadde to ekteskap. Han gifta seg i 1579 med Marie av Pfalz (1562-1589), og i 1592 med Kristina av Holstein-Gottorp (1573-1625).
Barn med Marie av Pfalz:
- Margareta Elisabet (1580-1585)
- Elisabet Sabina (1582-1585)
- Ludvig (fødd og død 1583)
- Katarina Vasa (1584-1638) gift med pfalzgrefven Johan Kasimir av Pfalz-Zweibrücken.
- Gustav (fødd og død 1587)
- Maria (1588-1589)
Barn med Kristina av Holstein-Gottorp:
- Gustav II Adolf av Sverige (1594-1632), konge av Sverige 1611-1632.
- Maria Elisabet (1596-1618) gift med Johan, hertug av Östergötland.
- Kristina (1598-1599)
- Karl Filip (1601–1622)
Barn med elskarinna Karin Nilsdotter:
- Carl Carlsson Gyllenhielm (1574-1650).
Kjelder
- Fotnotar