Kari Aalvik Grimsbø (fødd 4. januar1985) er ein norsk handballspelar oppvaksen i Skaun. Målvakta har i tida 2006-16 vunne åtte gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i ulike europameisterskap, verdsmeisterskap og olympiske sommarleikar med det norske handballandslaget.
Den første landslagskampen sin spelte Aalvik i september 2005. I november 2006 vart ho teke ut til senior-EM i Sverige. Ho har òg vore med i junior-EM og -VM.
Før ho kom til Byåsen spelte ho for Skaun (tidlegare kalla Børsa/Skaun), Buvik og Orkdal.