Karen Magnussen
|
|
Statsborgarskap |
Canada
|
Fødd |
4. april 1952 (72 år) Vancouver
|
Idrett |
Kunstløp
|
Tok del i
|
figure skating at the 1972 Winter Olympics – ladies, figure skating at the 1968 Winter Olympics – ladies
|
Utmerkingar
|
offiser av Order of Canada, Canada's Sports Hall of Fame, Bobbie Rosenfeld Award
|
Karen Diane Magnussen (fødd 4. april 1952) er ein kanadisk tidlegare kunstløpar på skeiser som vart verdsmeister i 1973.
Magnussen er frå Vancouver i British Columbia, dotter av ein utvandrar frå Noreg, mor hennar var fødd i Sverige. Åra 1971-73 var Magnussen mellom dei beste kvinnelege kunstløparane i verda. I 1971 vann ho bronsemedaljen då verdsmeisterskapen fann stad i Lyon. Året etter kom ho på sølvplassen både under Vinter-OL i Sapporo og VM i Calgary, i begge tevlingane vart ho overgått av Beatrix Schuba frå Austerrike. Ved VM i kunstløp 1973 i Bratislava sigra Magnussen med god margin til Janet Lynn frå USA.
Kjelder
Bakgrunnsstoff