Karaca Dağ (kurdisk Qerejdax) er ein skjoldvulkan aust i Tyrkia.[1] Vulkanen ligg 30 km frå den neolittiske funnstaden Göbekli Tepe, der bygginga av ein større seremoniell kultstad omkring 10 000 f.Kr. truleg vart mogeleggjort ved forsyningar av korn frå Karacadag.[2]
I følgje Der Spiegel i 2006 oppdaga Max Planck-instituttet for planteforsking i Köln[3] at den genetiske felles forløparen til 68 noverande typar korn framleis veks som ei villplante i fjellsidene av Karaca.[4] Funna gjev sterke prov for at einkorn kan ha blitt domestisert her for 9 000 år sidan.
Kjelder
- ↑ «Karaca Dag». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=0103-011.
- ↑ Steven Mithen, After the Ice: A Global Human History 20,000-5,000 BC. Phoenix, London 2003, side 67. ISBN 0-75381-392-0.
- ↑ Max Planck Institute for Breeding Research
- ↑ Heun, Manfred; et al. (1997), «Site of Einkorn Wheat Domestication Identified by DNA Fingerprinting» (PDF), Science 278: 1312–1314, arkivert frå originalen (PDF) 31. desember 2006, henta 9. august 2012