Kappsukkerfugl er ein grå og brun fugl som er kjenneleg av dei særs lange halefjørene hos hannar spesielt. Hannar er 31-44 centimeter i kroppslengd, og hoa, med kortare nebb og hale, er 25-29 cm lang. Oversida er brun, undersida skittenkvit med svarte striper, gumpen er grøngul og nokre underdekkarar av halefjører er gule.[1]
Eit anna karakteristisk trekk for kappsukkerfuglar er lyden han gjer når han flyg under paringsspel. Dei viktigaste flygefjørene er arrangert på ein slik måte at når fuglen slår vengene sine, vert det laga 'frrt-frrt-frrt'-lydar med det føremålet å tiltrekkje seg make.[1]
Dette er spesialiserte nektaretarar. Det lange, tynne nebbet er tilpassa å nå nektar av ei rekkje protea-sortar med den lange børstetunga. Om hovuddietten er nektar, kan dei likevel òg ete edderkoppar og insekt. Dei karakteristiske sterke vindane i Kapp-provinsen kan gjere det vanskeleg å beite, men kappsukkerfuglar har tilpassa seg dette med utviklinga av skarpe klør.[2]
Hekkesesongen for kappsukkerfuglar er om vinteren når tilgangen på føde er rikeleg.[2]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]
↑ 1,01,1Robert A Cheke; Clive F Mann, A guide to the sunbirds, flowerpeckers, spiderhunters, and sugarbirds of the world, New Haven, Conn. : Yale University Press, 2001, ISBN-10: 0300089406
↑ 2,02,12,2Ian Sinclair; Phil Hockey & Warwick R. Tarboton (2002). SASOL Birds of Southern Africa. Struik Publishers. ISBN1-86872-721-1.