Kafr Qara eller Kafr Qari (arabisk كفر قرع, כַּפְר קַרִע) er ein israelsk-arabisk by, 40 km søraust for Haifa i Israel. I 2009 var folketalet 15 300.[2] Kfar Qara har rekorden for flest legar i høve til folketalet i landet, kring 14,8 legar per tusen innbyggjarar (2007), i tillegg til å ha flest akademikarar og folk med mastergrad i høve folketalet.[3].
I 1859 var folketalet 450 innbyggjarar..[4]
I 1883 skildra Palestine Exploration FundKefr Kara i i Survey of Western Palestine som ein «stor steinlandsby i høgareliggande område, med ein brunn i aust og grotter».[4]
I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr Qara 776 innbyggjarar, ni kristne og 767 muslimar.[5] Dette hadde auka i 1931 til 1 109, fire kristne og 1 105 muslimar, i 198 hus.[6]
I 1945 hadde Kafr Qari eit folketal på 1 510 arabarar, som eigde 14 543 mål land.[7] Av dette var 227 mål for plantasjar og kunstig vatna land, 11 516 for korn,[8] medan 25 mål var utbygde område.[9]