Dia (overgangsnamn S/2000 J11) er ein av månane til Jupiter og den minste medlemen av Himalia-gruppa. Han vart oppdaga 5. desember 2000[1] av S.S. Sheppard, D.C. Jewitt, Y. Fernandez og G. Magnier med 2,2 meter-teleskopet til Universitet på Hawaii på Mauna Kea.
Dia vart rekna som tapt i fleire år og vart fyrst attoppdaga på bilete tekne av Magellan-teleskopet i 2010 og 2011.