«Empty Pages (redigert)» Utgjeve: 1. juli 1970 (berre USA)
John Barleycorn Must Die er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1970 som Island ILPS 9116 i Storbritannia, United Artists UAS 5504 i USA, og Polydor 2334 013 i Canada. Det markerte eit comeback for bandet etter at dei for ein kort periode var oppløyst, og nådde femteplassen på Billboard 200, den høgaste plasseringa dei oppnådde i USA.[2] Albumet selde til gullplate i USA. I tillegg låg singelen «Empty Pages» åtte veker på Billboard Hot 100, og nådde 74. plassen.[3] Albumet vart òg ein ganske stor suksess i Storbritannia, der det nådde 11. plassen på UK Albums Chart.[4]
I byrjinga av 1970, etter at Blind Faith vart oppløyst, drog Winwood i studio for å spele inn det første soloalbumet sitt, som opphavleg skulle ha tittelen Mad Shadows. Han spelte inn to songar med produsenten Guy Stevens, «Stranger to Himself» og «Every Mother's Son», men lengta etter likesinna musikarar til å akkompagnere seg. Han inviterte Wood og Capaldi inn i studio og soloalbumet til Winwood utvikla seg til å bli eit nytt album for eit sameint Traffic (utan Dave Mason).[6]Mad Shadows vart tittelen på det andre albumet til Mott the Hoople, som òg var produsert av Guy Stevens.
Dette albumet har påverknad av både jazz og blues, men versjonen av den tradisjonelle, engelske folkevisa «John Barleycorn» synte at dei òg kunne gjere moderne tolkinga av tradisjonell folkemusikk, på liknande vis som dei britiske banda Pentangle og Fairport Convention.
Albumet kom ut på CD i Storbritannia den 1. november 1999, med fem bonusspor, inkludert tre konsertopptak frå Fillmore East i New York City. I USA kom ei ommastra utgåve ut den 27. februar 2001 med to studioopptak som bonusspor.
Steve Winwood hadde oppsyn med utgjevinga av luksusutgåva av albumet den 15. mars 2011,[7] med det originale studioalbumet i ommastra form på eine plata og ei andre plate med bonusmateriale, inkludert fleire opptak frå konserten på Fillmore East og alternative miksar og versjonar av albumspora.
Plateomslag
Den originale plata kom ut med eit design der bakgrunnen på framsida var eit fotografi av sekkestoff. Seinare LP-utgåver hadde berre ein grå bakgrunn. Plateomslaget var tydeleg synleg i ein film av Dario Argento frå 1971, Four Flies on Grey Velvet.
Meldingane for albumet har vore blanda. AllMusic kritiserte vokalen som «påskot for Winwood til å poengtere den uttrykksfulle røysta si i dei lange instrumentale delane», men noterte òg korleis albumet tok jazzrockretninga til bandet forbi rein jamming.[8]Village Voice-kritikaren Robert Christgau sa at utan Mason leid låtskrivinga til Traffic på albumet, og bandet vart avhengig av Windwood sin «energilause, improviserte rock, eller er det visesongbasert jazz?»[9]