59°54′38.002″N 10°44′21.815″E / 59.91055611°N 10.73939306°E / 59.91055611; 10.73939306
Johannes kyrkje eller St. Johannes kyrkje eller Johanneskyrkja var ei kyrkje i Oslo som vart bygd i 1874–78 og riven i 1928–29. Kyrkja vart teikna av arkitekten Georg Andreas Bull.
Historie
Kyrkja låg ved Christiania torv, mellom Akersgata og Øvre Slottsgate, og vart innvigd i 1878. Grunnen under kyrkja bestod av leire, og etter Osloskjelvet, som ramma store delar av det sørlege Noreg 23. oktober 1904, oppstod store sprekkar i muren, og kyrkja vart stengd i fleire år før det vart fatta rivevedtak. Dette vart gjennomført i 1928.
Kjelder skildrar utsmykkinga i kyrkja som svært enkel, men kyrkja hadde ei altartavle med eit krossfestingsbilete måla av Eilif Peterssen. Under krigen (altså etter at kyrkja var riven) vart dette biletet visstnok sendt til Tyskland og er ikkje sett sidan. Bildet er kopiert til fleire andre norske kyrkjer: Aremark, Stavsjø, Hov i Sunndal, Eina, Kvernes, Gaupne, Solvorn og Lundring.
Før kyrkja vart riven, hadde målaren Per Krohg sitt atelier her. Orgelet frå kyrkja vart overført til Grønland kyrkje og klokkene til Torshov kyrkje. Kyrkjelyden var da overført til Vår Frelsars kyrkje.
Etter at kyrkja vart riven, vart den gule mursteinen lagra og seinere brukt til bygging av eit forretningsbygg på Jar, Jarhuset.
-
Kontraskjæret etter planering i 1860-åra og ny Rådhusgate frå 1881, sprengt ned i terrenget sør for opphaveleg gateløp frå 1624. Johannes kirke står ved Rådhusgata. Utsnitt av Nicolai Krum sitt kart frå 1902.
-
Johannes kyrkje på Christiania torv i Oslo
-
-
Johannes kyrkje på Christiania Torv 1904, sett frå Kontraskjæret.
-
«Kristiania. Fra Luftballon» (1906)
Foto: Fredrik Blom-Olsen / Mittet & Co. / Nasjonalbiblioteket
-
Altartavla hadde eit krossfestingsbilete måla av Eilif Peterssen. Det forsvann i Tyskland under andre verdskrigen.
Foto: Narve Skarpmoen (1904)
-
Koret med Eilif Peterssen si altartavle måla av Helene Gundersen i 1914
Foto: Rune Aakvik / Oslo Museum
Kjelder
Bakgrunnsstoff