Johannes Johannesson Spjeldnes (13. april 1788–29. juni 1834) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Lindås i Hordaland.
Spjeldnes var son til ein lensmann. Frå han var 15 år gammal budde han i Bergen, der han vart underoffiser i 1808. Åra 1811-14 var han kommandersersjant, sidan var han gardbrukar i Lindås til han døydde.
Spjeldnes var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt i 1821, på omframstortinget 1822, i 1827 og på omframstortinget 1828, samt i 1833. Han var i 1821 medlem av fire komitear, der i mellom om utskiftingslova og innkvarteringslova, både i 1821 og -22 var han medlem av Lagtinget. Han var i 1827 medlem av militærkomiteen, i 1828 av komiteen om vernepliktslova. I 1833 på ny medlem av militærkomiteen, samt av valkomiteen.
Han døydde på garden sin i Lindås i 1834.
Kjelder