Johan Martin Dahll (24. juni 1830–28. november 1877) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Kragerø.
Dahll var son til ein kjøpmann. Han gjekk Anderssonske handelsinstitutt i Bergen, og vart så omkring 1853 sett til å styre to gruver ått av engelske handelsinteresser. I 1861 tok han over eiga i dei to gruvene, ei apatittgruve ved Kragerø og ei nikkelgruve i Bamble. Gruvedrifta gjekk så godt at han ei tid truleg var den største bergverkseigaren i Noreg. I tillegg dreiv han iseksport og skipsbyggeri.
Etter å ha vore varamann til Stortinget 1874-76, representerte han Kragerø på Stortinget i 1877, der han var medlem av næringskomité nr 1. Same hausten døydde han på Jomfruland i Skåtøy.
Kjelder