Jizan- eller Jazan-regionen (arabiskجازان, romanisert Jāzān) er den nest minste regionen i Saudi-Arabia. Han strekkjer seg kring 300 km langs sørkysten av Raudehavet, like nord for Jemen. Han dekkjer eit område i 13 457 km² og eit folketal på 1 567 547 i 2017. Hovudbyen er Jazan.
Regionen omfattar over 100 øyar i Raudehavet. Jazan er det fattigaste området i Saudi-Arabia, og 34 % av dei saudiarabiske familiane i Jazan lever i fattigdom.[6]Farasanøyane, det første verneområdet i Saudi-Arabia, er heimstad for den utryddingstruga arabiske gasellen og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa.
Geografi
Regionen er delt inn i tre område.
Det indre fjellområdet Al-Sarawat, som stig til kring 3000 meter over havet.
Skogområdet Alhazoun består av skogar og frodige marker.
Slettene som er kjende for produksjon av kaffibønner, kornavlingar og frukt.
Sjølv om klimaet i høglandet liknar det relativt våtare klimaet i 'Asir, vert kystområda i Jazan-provinsen rekna som ein del av Tihamah, og er truleg det varmaste området i landet, med ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 40 °C i juli til 31 °C i januar. Høg råme frå kystlagunane gjer at klimaet er enno meir ubehageleg. Det kjem særs lite nedbør her, mindre enn 75 mm i året. Sabya ligg i midten av regionen, mellom fjella og kysten.
Inndeling
Regionen er vidare delt inn i 14 guvernement som følgjer: