Jet av Wings

Jet
Singel av Paul McCartney and Wings
frå albumet Band on the Run
B-side

«Let Me Roll It»
«Mamunia» (første amerikanske utgåve)

Språk engelsk
Utgjeve 28. januar 1974 (USA)
15. februar 1974 (Storbritannia)
Innspelt September 1973
Sjanger Rock,[1][2] powerpop[3]
Lengd 4:07
Selskap Apple Records
Komponist Paul McCartney, Linda McCartney
Tekstforfattar Paul McCartney, Linda McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney and Wings-kronologi 
«Mrs. Vandebilt»
(1974)
Jet «Band on the Run»
(1974)


«Jet» er ein song av Paul McCartney and Wings frå albumet Band on the Run i 1973. Det var den første singelen frå albumet. Tittelen var inspirert av den kolsvarte (jet black på engelsk) labradoren til McCartney. Namnet på hunden var òg Jet.

Songen nådde sjuandeplassen på både den britiske og amerikanske singellista den 30. mars 1974, og gjekk inn på lista i fleire land i Europa. Han har sidan kome ut på mange samlealbum og er ein av dei mest kjende songane til gruppa.

Medan det meste av Band on the Run vart spelt inn i Lagos i Nigeria, vart heile «Jet» spelt inn i EMI Studios i London etter gruppa kom heim att.

Songen er oppført i boka til Dave Marsh over dei 1001 beste singlane gjennom tidene, som nummer 793.[4]

Det australske rockebandet Jet er kalla opp etter songen.[5]

Medverkande

Salslister

Vekeslister

Liste (1974) Plassering
Belgia (Ultratop)[6] 26
Canada (RPM 100 Top Singles)[7] 5
Tyskland (Media Control)[8] 6
Japan (Oricon)[9] 39
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[10] 10
New Zealand (Listener)[11] 2
UK Singles (Official Charts Company)[12] 7
US Billboard Hot 100[13] 7

Årslister

Liste (1974) Plassering
Canada (RPM 100 Top Singles) 38
US Billboard Hot 100 77

Andre versjonar

Sampling

Kjelder

  1. Wingspan
  2. Mason, Stewart. «Review of "Jet"». AllMusic. 
  3. Graham Reid. «Paul McCartney And Wings: The solo career that faltered, flew then faltered». Elsewhere.co.nz. Henta 19. mai 2018. 
  4. Dave Marsh (1999). The heart of rock & soul: the 1001 greatest singles ever made. Da Capo Press. s. 505. 
  5. Maybe, Brad. «Clear For Takeoff: Jet Gets Ready To Get Born» CMJ New Music Report 8. september 2003: 7
  6. «Belgian Chart». Ultratip.be/nl. Henta 19. mai 2018. 
  7. «Canadian Chart». Collectionscanada.gc.ca. Henta 19. mai 2018. 
  8. «charts.de». GfK Entertainment. Henta 19. mai 2018. 
  9. «Japanese Chart». Nifty.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 19. mai 2018. 
  10. «Dutchcharts.nl Paul McCartney discography». Hung Medien. MegaCharts. Henta 19. mai 2018. 
  11. Flavour of New Zealand, 4. mai 1974
  12. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 19. mai 2018. 
  13. «Paul McCartney Charts and Awards». AllMusic. Henta 19. mai 2018. 
  14. «Sampled». Whosampled.com. Henta 19. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!