Jerome Clarke Hunsaker

Jerome Clarke Hunsaker

Fødd26. august 1886
FødestadCreston
Død10. september 1984
DødsstadBoston
Rangkommandør
EiningUnited States Navy
Konfliktarden fyrste verdskrigen, andre verdskrigen

Jerome Clarke Hunsaker (26. august 188610. september 1984) var ein amerikansk marinekaptein og flykonstruktør.

Liv og virke

Hunsaker vart fødd i Creston i Iowa, men voks opp i Michigan. Han var elev ved skular i Detroit og Saginaw der far hans var avisutgjevar.[1] Han byrja ved United States Naval Academy og gjekk ut i 1908 som beste elev. Medan han framleis var i uniform studerte han maritim arkitektur ved MIT og fekk mastergrad i 1912. Han opplevde å sjå Louis Blériot flyga over Boston hamn. Det inspirerte han til å ta opp studiet om luftmotstand og flyging etter å ha lese Gustave Eiffel sin studie Resistance of the Air and Aviation Han skreiv til forfattaren og fekk invitasjon til Paris for å sjå på flybygging i Frankrike. Hunsaker reiste attende til USA og ved MIT fekk han oppgåva med å utvikla eit passande kurs i aerodynamikk. Han bygde den fyrste vindtunnelen ved MIT[2] og var instruktør der i åra 1914-16.

I 1917 vart han medlem av det felles Army and Navy Technical Board for å tilretteleggja eit flyprogram, og i 1918 vart han knytt til den Interallierte sjømilitære våpenkvile-kommisjonen.

Hunsaker var leiar for Goodyear Zeppelin-selskapet frå 1928.

Han var sjef for maskinteknisk institutt ved MIT i 1933,[3] og rettleidde hovudfagsstudentar som utdanna seg til luftfartsingeniørar.

Han deltok i bygginga av det fyrste moderne luftskipet bygde i USA, så vel som luftskip for marinen, og saman med Westervelt og Richardson konstruerte han flybåten Curtiss NC.[4]

Frå 1941 til 1956 var han leiar av National Advisory Committee for Aeronautics. Han var òg med i styret i Science Service, som no er kjend som Society for Science & the Public, frå 1955-1958.

Blant dei publiserte arbeida hans er: Stable Biplane Arrangements, Aërodynamic Properties of Triplane og Aëroplane Stability. Han fekk Edvard Longstreth-medaljen frå Franklin Institute i 1942[5][6] og 1955 Langleys gullmedalje frå Smithsonian Institution.[7] Hunsaker var òg eit av dei opphavlege medlemma av Majestic 12, og vart det siste gjenlevande medlemmet.

Kjelder

Referansar

  1. «JEROME CLARKE HUNSAKER», Biographical Memoirs: Volume 78" at NAP.edu (på engelsk) (Washington, DC: The National Academies Press), 2000, henta 23. desember 2024 
  2. «A Brief History of MIT Aerospace». Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. 
  3. «Dr. J. C. Hunsaker Becomes Head of M. E. Department» (PDF). Tech. 25. september 1933. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2010. 
  4. «Mission: Build and fly Navy-Curtiss No. One» (PDF), The First Flight Across the Atlantic (på engelsk), henta 23. desember 2024  More than one of |website= og |work= specified (hjelp)
  5. «The Franklin Institute Awards - Laureate Search», archive.is, 10. desember 2012, henta 23. desember 2024 
  6. sysadmin (15. oktober 2011), «Hunsaker Receives Langley Medal», Smithsonian Institution Archives (på engelsk), henta 23. desember 2024 
  7. "Utmerkelser og Medaljer" Arkivert 2017-10-05 ved Wayback Machine.

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!