Jan van Eyck (fødd ca. 1390 i småbyen Maaseik, død 1441 i Brugge) var en flamsk målar. Jan van Eyck var, saman med broren Hubert van Eyck (1375-1426) og Hugo van der Goes, dei fremste målarane i Flandern i første halvdelen av det 15. hundreåret.
Dei første verka som vert tilskrive Jan van Eyck er dei miniatyrane som i 1902 vart identifisert som «Heures de Turin» og «Heures de Milan». Brørne Eycks klåre og realistiske stil var sett pris på og tildels imitert, men viste seg for vanskeleg å følgje for dei fleste kunstmålarane.
Jan van Eyck laga fleire store bilete for mektige oppdragsgjevarar som gav verka til kyrkjer. Mellom desse er Kanslar Rollins madonna og Kanikken van der Paeles madonna. Liknande motiv er Madonna med barn i ei kyrkje, Kunngjeringa og triptykonetMadonna med barn. Mellom portretta finst Timoteus, Målaren si kone, Margareta, Mann i raud turban samt Kardinal Niccolò Albergati.
Jan van Eycks mest kjende måleri er det symbolmetta Arnolfinis bryllaup. Biletet er eit dobbeltportrett av stor psykologisk innsikt og med eit omfattande interiør. Verket er eit av dei første sjangermåleria. Stordomen i Jan van Eycks genialitet viser seg i måten hans å framstille eit slikt motiv med den aller største reinleik og realisme. Trass i det kvardagslege miljøet skaper han ein mystikk som er så metta at den har stått mot alle tolkningsforsøk.