Jamtland har fått namnet sitt frå Kjetil Jemte, som flydde frå Trøndelag på 700 eller 800-talet.
Historie
Jamtland var ein sjølvstyrt bonderepublikk[treng kjelde] i mellomalderen med blant anna eiga lov og eigen valuta. Jamtland hadde ingen statsforvaltning og kunne nærast reknast som eit anarki i denne perioden. Fleire av nybyggjarane som flytta til Jamtland var norske og i 1178 vart Jamtland norsk, og lagt under den norske kongen og statsmakta. Området var norsk i over 450 år, fram til 1645 då svenskane okkuperte området og så annekterte det i freden i Brömsebro i 1645. Det har dermed vore svensk i over 350 år.
Større tettstader (administrasjonsstad for kommunane)