Jacob Bull (3. juni 1784–2. september 1850) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.
Bull var son til ein prokurator. Sjølv studerte han teologi og vart cand. theol. i 1805. I 1806 vart han lærar ved realskulen i Trondheim, flytta etter ei tid til København og ei tilsvarande undervisningsstilling. Han vart i 1810 utnemnd til sokneprest i Fredriksvern. Etter tjue år i det embetet, var han 1830-45 sokneprest i Skien.
Bull representerte Larvik grevskap på omframstortinget i 1814. Han var då medlem av deputasjonen som 10. oktober 1814 møtte Kristian Fredrik. Stortingsrepresentant på ny i 1833, då for Skien og Porsgrunn. Han var då medlem av kyrkjekomiteen og av komiteen om kjøpstadskatten.
Han døydde i Kristiania i 1850.
Kjelder
Bakgrunnsstoff