Jacob Berner (8. januar 1900–6. august 1941) var ein norsk fotballspelar og bandy- og ishockeyspelar. Han vart fødd av norske foreldre i New York i USA, familien flytta tilbake til Noreg same året. Berner var i alle år medlem av Trygg, og representerte klubben i kva idrett det gjaldt.
Karriere
Berner spela 25 fotballlandskampar for Noreg i perioden 1923 til 1930, i tre år var han landslagskaptein. Berners posisjon på bana var venstre half. Han var med og vinne den nordiske fotballturneringa 1929-32 for Noreg.
Berner var med på å vinne noregsmeisterskapen i ishockey med Trygg i 1935. Han deltok også i fire landskampar for Noregs landslag i bandy.
Merittar
- Nordisk meister i fotball 1929-32 for Noreg
- Norsk meister i ishockey med Trygg
Kjelder