Jableh (arabisk جبلة, Ǧabla, òg skrive Jebleh, Jabala, Jablah eller Gabala) er ein kystby ved Middelhavet i Syria,[1] 25 km nord for Baniyas og 25 km sør for Latakia, med kring 80 000 innbyggjarar (2008).
Historie
I antikken var Jableh ein viktig romarby, og ruinar frå denne tida er eit amfiteater, som kunne huse kring 7000 tilskodarar. Nær kysten ligg enno eldre ruinar frå jarnalderen eller fønikisk tid.Mindre enn ein kilometer frå sentrum ligg den antikke staden Gibala, som i dag vert kalla Tell Tweini. Denne byen var busett frå 2000-talet fvt. fram til persartida.
I byen ligg grava og moskéen til sultan Ibrahim ibn Adham, ein sufi-mystikar som på 700-talet sa frå seg trona si og gav seg over til å bøn for resten av livet.[2]
Jableh har ei strand, Al-Kurnish, som blir mykje nytta av innbyggjarane i byen.
Jableh er heimbyen til den syriske diktaren Adunis, som var ein av dei første moderne arabiske diktarane. Jableh er òg heimstaden til symjaren Firas Mouala, som symde frå Latakia til Kypros (nesten 90 km).
Økonomi
Størsteparten av innbyggjarane i Jableh driv med jordbruk. Dei dyrkar mellom anna appelsin, og sitron og oliven, og på landsbygda finst mange drivhus for dyrking av grønsaker.