Tre av de første utgåvene av Snorres kongesoger på moderne norsk vart utgjevne av J. M. Stenersens forlag & Co. Biletet viser tittelsidene i utgåvene på landsmål og riksmål frå 1900 og praktutgåva frå 1899. Foto: K.A. Gallis
)
J.M. Stenersens Forlag AS er eit norsk forlag , etablert i 1892 av Johan Martin Stenersen . Forlaget har tidlegare hatt namna J.M. Stenersen & Co.s Forlag og G. Stenersens Forlag .
Blant kjende utgjevingar frå forlaget er Snorre (1899), ei praktutgåve av Snorres kongesoger med illustrasjonar av Halfdan Egedius , Christian Krohg , Gerhard Munthe , Eilif Peterssen , Erik Werenskiold og Wilhelm Wetlesen . Året etter gav dei ut boka Svartedauen med tekst og illustrasjonar av Theodor Kittelsen .
Forlaget gjekk inn i eit samarbeid med Nasjonal Samling under Den andre verdskrigen med eit spesielt ansvar for å utgi tyske bøker omsett til norsk. Forlaget endra under krigen namn til G. Stenersens Forlag , etter Gunnar Stenersen , son av Johan Martin Stenersen, og gav ut nazistisk propagandalitteratur , som i 1943 blei overteke av det nyetablerte Centralforlaget . I denne perioden var desse to, samt Blix forlag , Atlantic forlag , Viking forlag og Kamban forlag , kalla «NS-forlaga ».
I nyare tid har forlaget mellom anna satsa på utgjeving av kunstbøker, mellom anna om Edvard Munch .
I 2003 kjøpte Kagge Forlag selskapet frå familien Stenersen.
Kjelder