Iver Andreas Günther Holter (fødd 21. juni 1781 i Drammen, død 19. mai 1860 i Drammen) var ein norsk jurist, kjøpmann og stadskaptein i Drammen. Han var òg tilsett i tollvesenet.
I 1814 var han medlem av vernepliktskomiteen sett ned av Riksforsamlinga. Han var ikkje medlem av sjølve Riksforsamlinga, men var andrerepresentant frå Drammen til Omframstortinget i 1814.
Holter var gift to gonger; fyrste gong med Elen Lange, dotter av magasinforvaltaren på Akershus festning, Andreas Lange
og andre gong med Vilhelmine Margrethe Rode, dotter av major Georg Frederik Rode og Wilhelmine Stockfleth.
Kjelder